Heim

HelteRennet + HovdenTour + Haukelirennet = Fjelltrippelen


Frå 2018 har me inngått eit nytt samarbeid mellom 3 turrenn i fjellregionen i Telemark & Agder. HelteRennet på Rauland, HovdenTour på Hovden og Haukelirennet på Haukelifjell har ulike profilar. Til saman kan me tilby renn for unge, gamle, mosjonistar og eliteløparar - enten du svergar til klassisk stil eller vil skøyte. Felles for alle renna er at løypene ligg i flott fjellterreng, og at me har dei blidaste funksjonærane med dei finaste dialektane :)


Alle som går alle 3 renn får ein eigen deltakarpremie (panneband), og i tillegg blir det mange flotte trekkepremiar. Her kan dei heldige vinne både heiskort, helgeopphald og ein betre middag - for å nemne noko.

SJÅ HER KVEN SOM BLEI TREKT UT SOM VINNARAR I 2019


For å få premie må du krysse av for deltaking i Fjelltrippelen ved påmelding til Haukelirennet.

9. mars 2019

 

HelteFest på Rauland.

Her er alle heltar.

Er du glad i å gå på ski i flott terreng? Kort eller langt, seint eller raskt. Me har distanser for alle, med heile familien i fokus.

 

Meir informasjon og påmelding

16. mars 2019

 

Turrenn for vennegjengen, bestefar, veslesøster eller den som jaktar melkesyra! Vel mellom 10 km, 22 km eller 42,5 km, konkurranse- eller trimklasse. Her er det høg sosial profil, og mange heiagjengar!

 

Meir informasjon og påmelding

6. april 2019


På Haukelirennet møtes både skikjendisar og morgondagens heltar. Her kan ein velge klassisk eller skøyting. Hovudløypa er 32 km, men du kan sjølv velge kor langt du vil gå.


Meir informasjon og påmelding

Ta utfordringa!


Delta på alle arrangementa, og sjå kor flott me har det på Rauland, Hovden og Vågslid.

Nettside levert av Hovdenkontoret.